Illustrasjon: Snøhetta
Publisert: 01.04.2022 

Klart for bygging av Ocean Space Centre

Med motteke oppdragsbrev for det nye havromssenteret planlegg Statsbygg å starte bygginga på Tyholt i Trondheim til hausten.

Ocean Space Centre vil bli svært viktig for verdiskapinga i havnæringa dei neste tiåra og eit viktig bidrag til grøn omstilling. Statsbygg har no motteke oppdragsbrevet for prosjektet frå Næring- og fiskeridepartementet.

Dermed får Statsbygg nå formelt grønt lys til å gå i gang med bygginga. Spaden blir sett i jorda på Tyholt så snart byggesøknaden er behandla. Dette skjer i løpet av hausten. Prosjektet vil etter planen bli ferdigstilt i 2028.

Oppdraget inneber at det blir bygd nye marintekniske laboratorium på Tyholt og at det blir etablert fjordlaboratorium ved Heggdalen, ved Hitra og i Ålesund. Når det gjeld maskinlaboratoriet og konstruksjonslaboratoriet skal dette etablerast og bli finansiert av SINTEF på Torgard i Trondheim.

Det nye Ocean Space Centre vil bestå av fleire ulike forskings- og undervisningsbygg og totalt utgjere cirka 45.000 kvm på Tyholt. Dagens marintekniske senter utgjer ca. 38. 000 kvm.

Det skal byggast student- og arbeidsplassareal for NTNU og SINTEF. Eit anna bygg vil innehalde havlaboratorium og sjøgangslaboratorium, verkstad og lager. Samtidig skal det byggast studentlaboratorium og fjordlaboratorium i Heggdalen ved Trondheim, ved Hitra og i Ålesund.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring