– Satsinga på helse og blå vekst i nord er viktig, ikkje berre for Nord universitet, men óg for regionen og for Noreg. Bygget skal gi betre plass slik at Nord universitet kan utdanne fleire kandidatar til havbruksnæringa og helsefag. Det skal gjere det mogleg å styrke forskingsarbeidet slik at vi får betre svar på problema vi slit med i dag, sa statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartementet under markeringa onsdag 14. desember.
Statsbygg starta bygginga av det nye laboratoriebygget på Mørkved utanfor Bodø sentrum i vår.
– No står vi her i byggegropa, delar av råbygget er allereie på plass og i løpet av nokre månader vil bygget reise seg. Det er tydeleg at bygget er sterk etterlengta, og vi opplever at både universitetet og totalentreprenøren HENT jobbar på høggir saman med oss for å få eit topp resultat, sa Kjersti Sandvik i Statsbygg i talen sin.
Todelt prosjekt
Byggeprosjektet ved Campus Bodø skal etter planen stå ferdig i 2025, og er totalt på 10.080 kvm.
Dette omfattar det nye laboratoriebygget Blått bygg på 8400 kvm, som skal huse fakultet for biovitskap og akvakultur, og ombygging av eksisterande areal på 1680 kvm for fakultet for sjukepleie og helsevitskap.
Bakgrunnen for byggeprosjektet er at lokala ved Nord universitet i dag ikkje er store nok. Dei er heller ikkje tilpassa krav til funksjonalitet og standard for å kunne drive undervisning og forsking på høgt internasjonalt nivå.
Statsbygg lyste ut konkurransen for totalentreprise med løysingsforslag i mai 2020. I april 2021 vann HENT konkurransen med eit løysingsforslag teikna av Arkitema.