Atlanterhavshallen er både eit forsamlingslokale, ei hagestove og ein stor passasje mellom kanselliet til venstre og ambassadørbustaden til høgre. Foto: Alan Karchmer
Publisert: 31.03.2023 

Prisdryss til den norske ambassaden i USA

Statsbygg si totalrehabilitering av den norske ambassaden i Washington DC har vunne ei rekke prisar det seinaste året, og er no nominert til enda fleire.

– Det er alltid gøy å vinne! Dette har vore eit veldig vellykka prosjekt, og då er det gledeleg at arbeidet vårt blir sett så stor pris på, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.

Ambassaden i den amerikanske hovudstaden bestod inntil nyleg av ein ambassadørbustad frå 1931 og eit kanselli med kontor, møtelokale og servicefunksjonar frå 1978.

I prosjektet blei kanselliet totalrehabilitert med Fentress Architects som arkitektar. For å minimere prosjektets CO2-avtrykk blei råbygget og berande konstruksjonar beheldt. 40 år gammal kalkstein i fasaden er gjenbrukt, fasaden er opna opp med større glasparti, bygget er blitt universelt utforma og hagen er planert. Prosjektet har gitt meir effektiv arealbruk og opnar for enda høgare aktivitet på ambassaden.

– Det kanskje aller viktigaste ved rehabiliteringa er likevel at funksjonaliteten til ambassadørbustaden og kanselliet har auka betrakteleg fordi vi har bunde dei saman med noko heilt nytt, fortel Nikolaisen.

Atlanterhavshallen er både eit forsamlingslokale, ei hagestove og ein stor passasje mellom dei to andre bygningane. Her er det plass til 200 personar, og hallen blir no brukt dagleg til både møter, arrangement og andre tilstellingar. Hallen sin glasfasade mot hagen kan opnast heilt og kople rommet saman med uteområda, som tidlegare var lite i bruk.

Prisverdig arbeid

Arbeida med ambassaden er blitt svært godt motteke sidan opninga i desember 2021.

Prosjektet er blitt nominert til ei rekke prisar og har vunne fleire innan både arkitektur, design og materialval. Blant anna har ambassaderehabiliteringa vunne prisen for beste byggeprosjekt i Washington DC i 2022, for gjenbruk av kalkstein og trespiler, og for bruken av resirkulert kopar på taket på hagestova.

Prisane inkluderer:

  • Grand Award, AIA DC, 2022.
  • Award in Architecture, AIA DC, 2022 for design excellence.
  • Excellence Award, Metal Construction News, 2022.
  • Best of the Year Awards Finalist – Government Institutional, Interior Design Magazine, 2022.

 

Prosjektet er framover òg nominert til fleire prisar:

  • AIA National
  • International Architecture Awards
  • American Architecture Awards
  • Architizer A+ Awards
  • Structural Engineer’s award for Renovations under $25M.

– Vi kryssar fingrane og håper på fleire førsteplassar, men det viktigaste for oss er uansett at vi har gjennomført eit godt prosjekt, som brukarane av bygningane er godt fornøgde med, seier Harald Nikolaisen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring