Flott lysdesign på Reiselivsmuseet i Balestrand

Flott lysdesign på Reiselivsmuseet i Balestrand

Det nye museet opnar til våren, men lyset er på allereie. Fire lyskastarar er retta mot fasaden og skaper eit spesielt mønster med motiv frå Balestrand med fjella i bakgrunnen.

Motta nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring

Ideen er eit resultat frå eit av Statsbygg sine forskings- og utviklingsprosjekt der ein ønskte eit pilotprosjekt med lysdesign. Det nye reiselivsmuseet egna seg godt.

[factbox id="1"]

- Vi ville belyse uteområda og spesielt bruke fasaden mot gata for å profilere dei spesielle fjellformasjonane i Balestrand. Utforminga av sjølve bygget er inspirert av fjell og norsk natur, forklarer Nils Øyvind Bø, prosjektleiar i Statsbygg.

At museet vender seg utover og tek i bruk det offentlege rommet på denne måten, er museumsleiar Connie Reksten svært glad for.

- Musea som institusjonar må bli delaktige og synast meir i lokalsamfunnet. Det gjør vi no i Balestrand, seier Reksten.

- Det har vore veldig morosamt å designe ei tolking av det beste Noreg har å by på – nemleg fjord og fjell og så la biletet av Balestrand skine på fasaden til Reiselivsmuseet, seier Kristin Bredal frå Zenisk. Det er dei som har utført lysdesignet i samarbeid med Askim Lantto Arkitekter, som óg har teikna bygget.

Til toppen