Forsvarsbygg inngår rammeavtale knytt til nye ubåtar
(Foto: Thyssenkrupp Marine Systems)

Forsvarsbygg inngår rammeavtale knytt til nye ubåtar

Forsvarsbygg gjennomfører eit forprosjekt knytt til eigedom, bygg og anlegg for Noregs nye ubåtar. Til saman vert det planlagt investeringar for nærmare 2,5 milliardar kroner på Haakonsvern. No er det inngått rammeavtale med arkitekt- og rådgjevargruppe.

  • Bygg
Motta nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring

Kontrakten er tildelt Multiconsult AS.

– Vi har inngått den første avtala knytt til bygg og infrastruktur for nye ubåtar på Sjøforsvaret si hovudbase på Haakonsvern, seier direktør Thorbjørn Thoresen i Forsvarsbygg.

Sjøforsvaret si største investering nokon gong

Prosjektet for nye ubåtar har ei kostnadsramme på 42,2 milliardar 2018-kronar og er Forsvaret si største investering etter nye kampfly.

Forsvarsbygg har inngått avtale med Multiconsult. Til høyre adm. dir. i Multiconsult Christian Nørgaard Madsen og direktør i Forsvarsbygg Thorbjørn Thoresen. Foto: Annichen Røed Piene / Forsvarsbygg

– Forsvarsbygg skal planlegge for gjenbruk og oppgradering av ubåtrelatert infrastruktur på Haakonsvern, i tillegg til prosjektering av ny fasilitet for vedlikehald av dei nye ubåtane. Sjøforsvaret si hovudbase på Haakonsvern skal kunna ta imot og kunne halde ved like dei nye ubåtane når dei vert sett i teneste frå 2026 og utover, seier prosjektsjef Ole Jonny Eriksen i Forsvarsbygg.

2,5 milliardar kroner

Byggeprosjekta på Haakonsvern vil totalt vere i storleiksorden 2,5 milliardar kroner, og det er ei rammeavtale for prosjektering av dette som no er inngått. Forprosjektet vil vera gjenstand for ekstern kvalitetssikring før dette vert fremja for politisk vedtak, etter planen i 2019.

ARKITEKTUR/25. april 2018

Vinner av en enstemmig jury med sitt forslag

Fem arkitektgrupper ble i fjor høst invitert til å delta i konkurransen om å tegne det nye sykehjemmet på Hogsnes i Tønsberg kommune. I tillegg til Norconsult besto de øvrige gruppene av Aas arkitektur/Landskaperiet, Bølgeblikk/Topic/Feste, Asplan Viak og Spir/Friis & Moltke/Gullik Gulliksen. Norconsults leveranse ble til slutt utpekt som vinner av en enstemmig jury med sitt forslag «Møteplassen i grenda». Les hele saken

Til toppen