Perspektivskisse, UiO Livsvitenskap.
Perspektivskisse, UiO Livsvitenskap. (Illustrasjon: RATIO arkitekter)

Statsbygg inviterer til dialogkonferanse

Statsbygg skal bygge prosjekt Livsvitenskap for Universitet i Oslo. I den forbindelse inviterer Statsbygg til dialogkonferanse med entreprenør- og leverandørmarknaden for å diskutere kva som er ei fornuftig inndeling av prosjektet og dei ulike entreprisene.

Motta nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring

Livsvitenskapsprosjektet ønskjer å sette nye standardar for utvikling og innovasjon i bransjen. Det skal gjennomførast blant anna med effektiv logistikk langs heile verdikjeda og i alle fasar, samt eit lavt konfliktnivå.

Prosjektet består av eit byggeprosjekt og brukarutstyrsprosjekt med ei ramme på 5,6 milliardar og 1,1 milliardar NOK respektivt.

Satsing på livsvitenskap

Bygget, som skal ligge i Oslo, vil bli senteret i UiOs satsing på livsvitenskap. Tomta som er på rundt 35 000 kvadratmeter, skal formast til eit forskings- og undervisningsanlegg med mange ulike funksjonar.

Viktig dialog

Denne konferansen handlar primært om overordna kontraktstrategi og korleis oppdelinga av prosjektet bør gjennomførast mot marknaden.

Målet med konferansen er å få til ein god dialog med aktørar i marknaden, samt å få mest mogleg kunnskap om moglegheitene som fins og innspel frå marknaden på kva som er ei god inndeling av prosjektet

Les meir på Doffin

Samarbeid

Nasjonalt program for leverandørutvikling hjelper Statsbygg med denne dialogfasen. Leverandørutviklingsprogrammet ønskjer å være ein pådrivar for at offentlege innkjøp skal bli eit verktøy for innovasjon og omstilling.

Frist for påmelding til konferansen er 16. april.

REHABILITERING/16. august 2018

Den verdensberømte arkitekt: – Vi er nødt til å rehabilitere bygninger

Den verdensberømte arkitekten, Julien De Smedt, eier av JDS Architects blir en av de store foredragsholderne under lanseringen av Building Green i Oslo. Han oppfordrer til å rehabilitere allerede eksisterende bygninger og mener at det er denne veien vi må gå for å sikre en bærekraftig arkitektur- og byggebransje i fremtiden. Les hele saken

Til toppen