Vinnarane blei kåra av Statsbyggs eigen jury etter innstilling frå Fakultetet for kunst, musikk og design ved UiB. Formålet med Statsbyggs studentpris er å stimulere til eksperimentelle og nyskapande studiar av interiørarkitektur blant framtidige generasjonar interiørarkitektar. Fakultetet nominerte i år tre studentar til prisen.
Statsbygg har som eit av fleire strategiske mål å skape meirverdi for brukarane og samfunnet, og levere berekraftige løysingar. Sørleg når det gjaldt berekraft synest juryen at alle året sine kandidatar bidrog med sine oppgåve og tematikk.
Sirkulær økonomi
Kristine Matland blei tildelt Statsbyggs studentpris for interiørarkitektur for prosjektet «SIRKULÆR».
Arkitektur- og byggebransjen blir oppfordra til å finne strategiar som reduserer behovet for nye materialressursar gjennom endringar i sine design-, prosjekterings- og produksjonsprosessar. Med bakgrunn i innovative konsept for ombruk og eit svært omfattande analysearbeid leverer Matland eit vel gjennomført eksperiment til å utforske løysingar som fremjar overgangen til sirkulær økonomi i praksis.
Prosjektet «Sirkulær» bruker bygningsmassen som ein materialbank og utforskar arbeidsmetodar som tek utgangspunkt i det allereie eksisterande. Matland viser i prosjektet sitt ein svært gjennomarbeidde, heilskapleg og analytisk tilnærming, og juryen er imponert over engasjementet og arbeidet som er lagt inn i oppgåva.
Sirkulære prinsipp
Njål Thunold Hatteberg fekk Statsbyggs studentpris for interiørarkitektur for prosjektet «SVINN».
Arkitektur- og byggebransjen blir oppfordra til å finne strategiar som reduserer behovet for nye materialressursar òg gjennom endringar i sine design-, prosjekterings- og produksjonsprosessar. Hatteberg har overtydd juryen med å ta opp denne utfordringa på ein eksperimentell måte. I oppgåva viser han både korleis produksjonen kan designast for å minimere svinnet, og at svinnet kan bli utgangspunkt for nye produkt, for eksempel at lampeskjermar kan lagast av trespon ved hjelp av bindemiddel. Oppgåva viser at det er mogleg å skape innovative løysingar for møbel- og produktdesign som både er estetisk tiltalande og miljøvennlege.
Prosjektet «Svinn» eksperimenterer med korleis sirkulære prinsipp kan brukast i produksjonslinja. Hatteberg viser ein svært gjennomarbeidde, heilskapleg, og analytisk tilnærming, og juryen er imponert over engasjementet og arbeidet som er lagt inn i oppgåva.