Prisen blir tildelt internt i Statsbygg, men heng likevel høgt å få. Med rundt 100 byggeprosjekt i arbeid, er konkurransen stor. Prisen er også blitt ei drivkraft for å jobbe innovativt for trygge arbeidsplassar og gode arbeidsforhold for alle.
Byggeprosjektet på Campus Ås får prisen for sitt bidrag til forsking på SHA i samarbeid med Multiconsult, der vurderingar og leveransar i prosjekteringsfasen blei haldne saman med uønskte hendingar i byggefasen over ein periode på tre og eit halvt år. Utviklingsprosjektet resulterte i ein nyttig rapport med 10 anbefalingar som kan brukast av heile bransjen, både prosjekterande, byggherre og entreprenørane.
– Denne type utviklingsprosjekt er viktig for å sette søkelys på korleis dei prosjekterande kan bidra til trygge byggeplassar alt i planleggingsfasen, seier Knut Aaneland i Multiconsult:
– Det blei tidleg klart for oss at sikker produksjon handlar om å forstå heile produksjonskjeda, frå oppstart prosjektering til ferdig bygg. Samarbeidet med Statsbygg har vore svært godt, og så vidt vi veit har det ikkje vore gjennomført tilsvarande studiar over eit så langt tidsrom.
Som eit ledd i prosjektet tok fem studentar på NMBU masteroppgåvene sine innanfor SHA på Campus Ås. Multiconsult fungerte som fagleg rettleiar og mentor, mens Statsbygg la forholda til rette ved å opne Campus Ås for studentane og gi dei tilgang til nøkkelinformasjon og personell.
Det same gjorde hovudbedriftene. Dette resulterte i eit godt samarbeid mellom Statsbygg, Multiconsult og alle entreprenørane som var prega av openheit og tillit.
– Campus Ås-prosjektet har også fått prisen for svært godt SHA-arbeid på ein stor og komplisert byggeplass. Det har vore få alvorlege hendingar med stort skadepotensial, etter mange års bygging av Veterinærbygget og dei tilknytte byggeprosjekta på campus, seier Tanja Dugstad, SHA-leiar i Statsbygg.