I 2006 resulterte ei vurdering av dei ustabile fjellpartia Åknes og Hegguraksla på Sunnmøre til stans i utviklingsmoglegheitene i fleire kommunar langs Storfjorden. I 2009 blei byggereglane endra slik at det blei mogleg å bygge i slike område der Noregs vassdrags- og energidirektorat har etablert system for overvaking, varsling og evakuering.
Kartlegginga av ustabile fjellparti har seinare avdekt fleire faresone for fjellskred, men der risikoen er langt lågare enn i Storfjorden. Det gjeld mellom anna for dei ustabile fjellpartia rundt Sørfjorden. Fram til no har det vore like strenge krav for dei som vil bygge i område med låg risiko, som for dei som vil bygge der risikoen er høgare.
– I dag er det kartlagt og etablert overvaking av fleire område som kan vere utsette for flodbølge som følgje av fjellskred, men der risikoen er låg. Gjeldande krav til sikkerheit mot fjellskred er ikkje tilpassa slike område, og det er derfor behov for eit meir differensiert regelverk, seier Gjelsvik.
Det er òg avdekt fleire område som kan bli ramma direkte av fjellskred, og ikkje berre indirekte gjennom flodbølga som følger skredet, som ved Mannen i Rauma kommune og Tussafoten i Eidfjord kommune. Dagens regelverk set ulike krav til bygging i område som er utsette for flodbølge og område som direkte er utsette for fjellskred, sjølv om personsikkerheita er like godt ivareteke.
Endringane, som var på høyring frå november til januar, inneber at område som kan bli ramma direkte av fjellskred, blir likestilte med område som kan bli ramma av flodbølge som følgje av fjellskred. Endringane legg også opp til at vilkåra for å opne for utbygging er meir tilpassa risikoen i området. I tillegg fjernar regjeringa koplinga mellom storulykkeforskrifta og TEK17 i krava til sikkerheit mot flaum.
Regjeringa har lytta til dei faglege råda til Noregs vassdrags- og energidirektorat og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, og til kommunane som lever med naturfarar.
– Regelverket har skapt utfordringar for lokalsamfunn som har både behov og interesse for utvikling. Dette har vi no ordna opp i, og regelverket legg no til rette for vidare utvikling, samstundes som personsikkerheita er ivaretatt, seier Gjelsvik.
Endringane trer i kraft 15. mars 2023.
Forskrift om endring i forskrift om tekniske krav til byggverk (Byggteknisk forskrift)