Blått bygg på Mørkved utanfor Bodø sentrum skal huse fakultet for biovitskap og akvakultur. Illustrasjon: Arkitema
Publisert: 10.03.2022 

Grønt lys for Blått bygg

Statsbygg startar i vår bygginga av det nye laboratoriebygget i Bodø, som vil bli svært viktig for Nord universitet si satsing på både hav og helse.

Byggeprosjektet på campusen til Nord universitet utanfor Bodø sentrum vil sette universitetet i stand til å styrke den marine og helsevitskapelege kompetansen i heile Nord-Noreg. Statsbygg har no motteke oppdragsbrevet frå Kunnskapsdepartementet, som gir klarsignal til å gå i gang med bygginga.

Prosjektet er på totalt 10.080 kvm. Dette omfattar det nye laboratoriebygget Blått bygg på 8400 kvm, som skal huse fakultet for biovitskap og akvakultur, og ombygging av eksisterande areal på 1680 kvm for fakultet for sjukepleie og helsevitskap.

Kostnadsramma for prosjektet er 575 millionar kroner. Bygginga startar i vår. Prosjektet skal etter planen stå ferdig i 2025.

– Dette er eit stort og spennande prosjekt, som vil bety mykje for både Bodø og resten av Nord-Noreg. No gleder vi oss til å komme i gang med bygginga, seier byggherredirektør Marius Tunstad i Statsbygg.

Bakgrunnen for byggeprosjektet er at dagens lokale ved Nord universitet ikkje er store nok. Dei er heller ikkje tilpassa dagens krav til funksjonalitet og standard for å kunne drive undervisning og forsking på høgt internasjonalt nivå.

Statsbygg lyste ut konkurransen for totalentreprise med løysingsforslag i mai 2020. I april 2021 vann HENT konkurransen med eit løysingsforslag teikna av Arkitema.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring