Ocean Space Centre vil bli svært viktig for verdiskapinga i havnæringa dei neste tiåra og eit viktig bidrag til grøn omstilling. Statsbygg har no motteke oppdragsbrevet for prosjektet frå Næring- og fiskeridepartementet.
Dermed får Statsbygg nå formelt grønt lys til å gå i gang med bygginga. Spaden blir sett i jorda på Tyholt så snart byggesøknaden er behandla. Dette skjer i løpet av hausten. Prosjektet vil etter planen bli ferdigstilt i 2028.
Oppdraget inneber at det blir bygd nye marintekniske laboratorium på Tyholt og at det blir etablert fjordlaboratorium ved Heggdalen, ved Hitra og i Ålesund. Når det gjeld maskinlaboratoriet og konstruksjonslaboratoriet skal dette etablerast og bli finansiert av SINTEF på Torgard i Trondheim.
Det nye Ocean Space Centre vil bestå av fleire ulike forskings- og undervisningsbygg og totalt utgjere cirka 45.000 kvm på Tyholt. Dagens marintekniske senter utgjer ca. 38. 000 kvm.
Det skal byggast student- og arbeidsplassareal for NTNU og SINTEF. Eit anna bygg vil innehalde havlaboratorium og sjøgangslaboratorium, verkstad og lager. Samtidig skal det byggast studentlaboratorium og fjordlaboratorium i Heggdalen ved Trondheim, ved Hitra og i Ålesund.