inister for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe, la ned grunnsteinen i Trondheim mandag formiddag. Foto: Kristian Thorsen
Publisert: 27.09.2022 

La ned grunnstein for Helgasetr

18.000 kvadratmeter store Helgasetr skal huse nysgjerrige, kunnskapsrike og kloke studentar i Trondheim. I dag la minister for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe, ned grunnsteinen for byggeprosjektet.

– Med Helgasetr får vi ein forsmak på den store campussamanslåinga i Trondheim der NTNUs studentar og tilsette blir samla i området rundt Elgeseter. Campussamanslåinga vil bli eit stort løft for Trondheim som kunnskapsby, seier Borten Moe.

Helgasetr skal samle NTNUs helse- og sosialfag og Studentsamskipnadens (Sit) idretts- og serveringstilbod under same tak. Det 18.000 kvadratmeter store bygget skal legge til rette for utviklinga av eit attraktivt, inspirerande og levande studentliv, undervisnings- og forskingsmiljø innan helse- og sosialfag.

Slik skal Helgasetr bli når det står ferdig i 2024. Illustrasjon: LINK Arkitektur

– Det blir eit stort og innhaldsrikt bygg, som skal huse dei mest nysgjerrige, kunnskapsrike og kloke hovuda i Noreg, sa byggherredirektør i Statsbygg Marius Tunstad.

Nybygget inneheld tilpassa undervisningsrom, sosiale møteplassar og treningstilbod. Fleire fag vil nytte idrettsdelen i undervisninga si og forsking, og vil pendle mellom ferdighetsrommene og idrettsdelen.

Startskot i 2015

I 2015 fekk Statsbygg i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å prosjektere eit nybygg for helse- og sosialfag ved dåverande Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST), som seinare fusjonerte med NTNU. Forprosjektet blei levert i mars 2018, og for tre år sidan gav regjeringa klarsignal til å starte arbeidet av eit nytt bygg i Vangslunds gate 2.

Byggherredirektør Tunstad understreka det gode samarbeidet Statsbygg har med NTNU og Sit.

– De kombinerer det visjonære ved bygget med forståing av rammer og avgrensingar, ikkje minst på økonomi. De er profesjonelle medspelarar i prosjektgjennomføringa, noko som vi er heilt avhengige av for å få til ein god prosess og eit godt bygg.

Innflytningsklart 2024

Helgasetr blir godt synleg ved innfartsåra til Trondheim sentrum og blir arbeidsplass for 200 tilsette og 2000 studentar.

Helgasetr vil med plasseringa si og innhaldet sitt òg knytte sterkare band St Olavs hospital, mellom Campus Øya og Gløshaugen, og vil forsterke NTNU som byintegrert campus. Bygget skal stå ferdig i 2024.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring