I 2023 fordelte Husbanken 263,7 millionar kroner til ulike prosjekt i 69 kommunar. Til saman blei over 700 ordinære utleigebustader og 800 omsorgsbustader oppgradert, og dessutan sjukeheimar som omfattar nær 2100 plassar.
I 2024 er tilskotsramma auka til 300 millionar kroner. Husbanken administrerer tilskotsordninga på vegner av Energidepartementet.
– Tilskotet skal gå til tiltak som reduserer behovet for kjøpt energi og til tiltak som produserer eigen, fornybar energi. Eksempel på tiltak er etterisolering av ytterveggar, utskifting av vindauge, varmepumper og solceller, seier seniorrådgjevar Berit Nyland i Husbanken.
Hovudvekt på kommunale utleigebustader
I 2024 fordeler Husbanken to tredjedelar av den tilgjengelege ramma til kommunalt eigde utleigebustader. Den resterande tredjedelen skal gå til omsorgsbustader og sjukeheimar.
Tilskotet blir berekna frå normerte verdiar
Tilskotet blir berekna ut frå normerte verdiar for kva det kostar å gjennomføre tiltaka. Maksimalt tilskot per prosjekt er fem millionar kroner.
– Det er mogleg å søke om tilskot til fleire prosjekt. På husbanken.no finst ein kalkulator som kan brukast til å utforske kor mykje kommunen kan få i tilskot til planlagde tiltak, fortel Nyland.
Førstemann til mølla
Det er ingen søknadsfrist for tilskotet. Husbanken opnar for søknader 21. mai.
– Husbanken behandlar søknadene fortløpande så langt tilskotsmidla rekk. Når alle midla er oppbrukte, vil vi avslå søknader, seier Nyland.
Tiltak må ferdigstillast innan eit år
Husbanken utbetaler tilskotet når kommunen har dokumentert at tiltaket er gjennomført i samsvar med vedtaket. Kommunane som får tilsegn om tilskot i 2
Nytt av 2024 er at utbetalt tilskot per prosjekt ikkje kan overstige 50 prosent av dei faktiske kostnadene av tiltaka.
Her finn du detaljert informasjon om tilskotsordninga: Tilskot til energitiltak i kommunale bustader (husbanken.no)