Foto: Statsbygg
Publisert: 18.07.2022 

Nordre del av Akersgata står klar

Arbeidet med nordre del av Akersgata, som starta i september 2021, er no ferdigstilt. Før arbeida blei starta var denne delen av Akersgata ei vanleg sentrumsgate.

Akersgata måtte byggast om på grunn av dei nye sikkerhetsbestemmelsene rundt regjeringskvartalet.

Før var vegen open for all trafikk, men no vil han berre vere open for autorisert transport for regjeringskvartalet, kollektivtransport og syklistar. I tillegg vil det vere gangfelt på sidene.

37-bussen er den einaste bussen som skal køyre her.

Prøveperiode på eit år

Sperretrinnet rundt regjeringskvartalet var opphavleg nærare regjeringsbygningane. No blir det bygd to sperretrinn rundt Regjeringskvartalet, eit ytre og eit indre sperretrinn som blir kalla ytre og indre perimeter. Denne delen av Akersgata som no blir ferdig er ein del av ytre perimeter, med to rader av faste dynamiske pullertar. Dei dynamiske pullertane vil fungere som ei sluse for gjennomkøyring. Pullertane skal, til liks med fleire av flatene i gata, vere dekt av granitt.

– Akersgata står ferdig nå, men blir ikkje sett i drift før i september. Då blir det ein prøveperiode på eit år for å sjå om dette funkar. Viss det funkar godt med pullertane i Akersgata kjem dei andre vegane rundt regjeringskvartalet til å bli bygd likt, seier Fridtjof Myhrene frå Agaia, prosjektleiar for K205 nytt regjeringskvartal.

Ope Infromasjonssenter

Kom gjerne innom Informasjonssenteret for nytt regjeringskvartal som ligg sentralt plassert på hjørnet av Akersgata og Teatergata, heilt inntil byggeplassen. Opningstidene fram til 13. august er kl. 11.00–17.00 på kvardagar og kl. 11.00–15.00 på laurdagar.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring