Det norske klimaet har alltid stilt strenge krav til plassering og utforming av bygningar, og fører kvart år til omfattande skadar på det bygde miljøet. Levetida til materiale og konstruksjonar avheng sterkt av dei lokale klimaforholda.
Med eit klima i endring har klimatilpassing av bygningar fått endå større merksemd dei seinare åra. Men sidan bygningsregelverket ikkje omhandlar temaet samla, kan ein risikere at god klimatilpassing innan eit område hindrar klimatilpassing på eit anna. Slik kan det øydelegge for tiltaket som heilskap.
TEK17 gir meir spesifikke krav til tekniske løysingar, men korleis klimaendring skal bli ivaretatt, er ikkje tydeleggjort i dagens regelverk.
– Til hjelp for prosjekterande med å svare opp klimautfordringane, har vi difor utvikla eit rammeverk for klimatilpassing av bygningar, fortel senterleiar i Klima 2050 og sjefforskar i SINTEF, Berit Time.
Forventa vêr må med i vurderingane
Nemninga «klimatilpassa bygning» er tradisjonelt brukt som fellesnemning for konstruksjonar som blir planlagt, prosjektert og utført for å tole forventa lokal klimapåkjenning frå nedbør, snølast, vind, solstråling, temperatur og flaumvatn.
– Vi meiner at tilpassing til eit klima i endring må inkluderast når vi snakkar om korleis vi kan redusere samfunnsrisiko. Ved prosjektering av nye bygningar held det ikkje å sjå på vêret som har vore, men det forventa vêret må med i vurderingane, seier forskingsleiar i Klima 2050 og professor ved NTNU, Tore Kvande.
Presenterer systematisk tenking for klimatilpassing
Rammeverket som er utvikla er meint å framheve myndigheitskrava til klimatilpassing, å vise til verktøy som kan vere til nytte for å verifisere at valte løysningar dug, samt å presentere ei systematisk tenking for handtering av klimatilpassing.
Rammeverket er fysisk vinkla og seier ikkje noko om prosess, organisering og samhandling. Det omfattar:
1. Ein overordna definisjon av kva klimatilpassing betyr
2. Samla presentasjon av myndigheitskrav til klimatilpassing
3. Tips til nyttige hjelpemiddel for oppfylling av myndigheitskrava
4. Risikovurderingsmoment til bruk i planlegging og prosjektering
Gir eksempel på klimatilpassing av nullutsleppsbygg
Rapporten avsluttar med eit eksempel på klimatilpassing av eit nullutsleppsbygg.
– Her gir vi oversikt over nokre av dei bygningsrelaterte problemstillingane vi støytte på i utviklinga av ZEB-laboratoriet i lys av klimaomstilling, seier Time.
Den gjennomførte klimatilpassinga var ein sentral årsak til at bygget i 2022 fekk både Statens pris for byggkvalitet og Bygg21 sin pris for beste praksis, Betonghammeren.
Last ned rapporten: Rammeverk for klimatilpassing av bygningar