Føremålet med strategien er at eigarar og forvaltarar skal få god og stabil tilgang på kompetente handverkarar for å setje i stand sine freda og verneverdige bygningar, anlegg og fartøy.
– I dag er det vanskeleg å få tak i nok handverkarar til å ta vare på freda og verneverdige bygg, anlegg og fartøy i Noreg, seier Turid Kolstadløkken, avdelingsdirektør hjå Riksantikvaren.
– Vi ynskjer å finne ut kva Riksantikvaren kan gjere for å få fleire handverkarar til å velje tradisjonshandverk som yrkesveg, seier Kolstadløkken.
Forslag til tema for strategiarbeidet
Med denne høyringa ynskjer vi no innspel til handverksstrategiens rammeverk. Rammeverket skildrar korleis strategiprosessen skal gå føre seg og ikkje minst; den foreslår kva for tema strategien skal ta føre seg. Forslaget som er sendt ut er utarbeida på bakgrunn av innspel henta frå ei undersøking gjort blant fylkeskommunar, kommunar, bygningsvernsentre, interesseorganisasjonar, bransjeorganisasjonar og museum.
– Tilbakemeldinga frå respondentane var at strategien bør sjå på utdannings- og opplæringstilbodet innanfor tradisjonell handverkskunnskap, korleis sikre føreseielege rammevilkår for handverkarane, og bidra til kunnskapsutvikling innanfor tradisjonelle handverk, metodar og materialbruk seier Kolstadløkken. Riksantikvaren vil gjerne ha innspel på kva for tema som er viktig å ta føre seg i strategiarbeidet for å stimulere til styrking av kompetanse og kapasitet innanfor tradisjonelle handverk.
Samarbeid mellom sektorar
Handverksutvikling er eit tema som går på tvers av fleire sektorar. Både næring, utdanning, kultur og miljø, har interesser, ynskjer og behov for utvikling av handverksfaga. I styringa av dette strategiarbeidet deltek både Utdanningsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Kulturdirektoratet, saman med Byggenæringas landsforeining og Norsk Handverksinstitutt. Riksantikvaren ser fram til eit godt samarbeid med desse partane.
Tradisjonelle handverksfag og kulturarv er heldigvis eit tema som engasjerer! Riksantikvaren er opptekne av at freda og verneverdige bygningar blir godt tekne i vare og at handverkaren er ein viktig ressurs i dette arbeidet. Kompetansen på tradisjonelle handverk, metodar og materialar er også viktig i eit grønt skifte med fokus på ombruk og framhald av bruk av gamle bygningar. Her kan fleire viktige behov bli løyst på ein gong.
Rammeverk på høyring
Det er foreslått tre ulike tema for strategien:
- Styrking av handverkskompetanse og -kapasitet
- Betre føreseielegheit for handverkarar
- Kunnskapsutvikling
Riksantikvaren ynskjer tilbakemeldingar på om desse temaa er dei viktigaste å ta fatt i, eller om det er andre tema som er like viktige. Høyringsfrist er satt til 5. januar 2024.
– Med denne høyringa kan ein påverke tema strategien skal handle om. Vi ser fram til å lese innspela, seier Kolstadløkken.
Vidare framdrift
Etter høyringa blir rammeverket vedteken av strategiarbeidets styringsgruppe. Arbeidet med å lage strategien byrjar i januar. Planen er å ferdigstille strategien hausten 2024. Strategien skal resultere i forslag til konkrete tiltak for kulturmiljøforvaltinga, men også gje tilrådingar til andre sektorar som eksempelvis utdanningssektoren og byggenæringa.