– Når miljøet er på dagsorden, kan det ofte bli svulstige ord og lite handling, men dette er miljøtiltak i praksis.
Det seier Statsbyggs kommunikasjonsleiar for det nye regjeringskvartalet, Pål Weiby, etter at Norwegian Property no har opna sin nye gjenbrukspark i Sandakerveien 140 i Oslo.
Parken er ein 1000 m2 bakgardshage i eit urbant forretningsbyggmiljø i Nydalen. Her har det vore streva etter å bruke mest mogleg materialar, som har vore brukt andre plassar tidlegare, på nytt.
Skifer, oslokantstein og smågatestein frå regjeringskvartalet lever no vidare i ein park på Nydalen.
– Ombruk er svært viktig for Statsbygg. Dette var ein fin-fin anledning å gjere ord til handling. I forbindelse med utbygginga av regjeringskvartalet har det blant anna blitt grave i Akersgata, og vi har fått skifer og stein til overs. Å levere det gratis til ein park der gjenbruk står sentralt, er å spele på lag med miljøet, seier Weiby.
Totalt har Statsbygg levert 300 m2 med skifer, 125 løpemeter med kantstein og ei mindre mengde med smågatestein.
I tillegg byr parken på restaurerte benkar, opparbeidde grøne gangstiar i gjenbrukte materialar, ombrukt strøgrus og plantar tilpassa eksisterande økosystem i ombrukt jord. Det er òg etablert tuftepark og sykkelparkering for å oppfordre til bruk av utearealet og til å velje klimavennleg transport til arbeidsplassen.
Agaia er Statsbyggs samarbeidspartnar på byrom i det nye regjeringskvartalet.
– Agaia har vore framme i verneskoa og sett moglegheiter for gamle materialar frå regjeringskvartalet. Saman har vi slått eit slag for miljøet når skifer og stein blir brukt på nytt i Nydalen, seier Weiby.
Parken er teikna og prosjektert av Asplan Viak og er ein klimapositiv park.