Slik blir ankomstområdet til den norsk-svenske politistasjonen. Illustrasjon: Lerche arkitekter
Publisert: 20.11.2023 

Startar bygginga av felles norsk-svensk politistasjon

Statsbygg har nå fått oppdragsbrevet frå Justis- og beredskapsdepartementet for bygginga av felles norsk-svenske politistasjonen på Magnormoen. Planlegging av byggearbeida, kjøp av tomter og detaljprosjekteringa startar umiddelbart og byggestart vil vere etter påsken 2024.

Byggeprosjektet har ei kostnadsramme på 95,5 millionar kroner og skal stillast til disposisjon for politiet på svensk og norsk side innan fjerde kvartal 2025. Politistasjonen vil vere på rundt 1350 kvadratmeter og vil strekke seg over begge sidene av den norsk-svenske grensa.

Både Justis- og beredskapsdepartementet og Innlandet politidistrikt har tidlegare peika på behovet for å styrke kampen mot grensekryssande kriminalitet. Fellestenesta til politiet har tidlegare utarbeidde ei konseptutgreiing som konkluderer med at eit felles nybygg for norsk og svensk politi er den beste løysinga for å få ei effektiv førebygging av kriminaliteten i samarbeid med svensk politi og tollmyndigheitene.

Statsbygg har alt ferdigstilt planarbeidet for den nye politistasjonen. Planarbeidet omfattar regulering på begge sider av grensa, i høvesvis Eidskog kommune i Noreg og Eda kommune i Sverige.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring