Det italienske selskapet har god erfaring med å vise fram norsk kunst og kulturgjenstandar på best mogleg måte. For nokre år sidan vann dei òg konkurransen for montrane til det nye Nasjonalmuseet.
– Vi gleder oss til å jobbe vidare saman med ekspertane i Goppion. Statsbygg kjenner firmaet godt etter eit svært bra samarbeid om montrane som er i bruk på Nasjonalmuseet, og veit at dei leverer i verdsklasse. Denne kontrakten gir dei beste føresetnadene for å bevare samlinga til Kulturhistorisk museum for framtidige generasjonar, seier prosjektsjef i Statsbygg, Lars Christian Gomnæs.
Statsbygg lyste ut konkurransen for montrar til Vikingtidsmuseet internasjonalt i 2021. Seks leverandørar melde interesse. Tre av dei kunne vise til relevante referanseprosjekt av tilsvarande størrelse og kvalitet, og blei prekvalifisert.
Statsbygg har gjennomført ein omfattande forhandlingsfase med dei tre leverandørane, og blant anna dratt på fleire referansebesøk til utlandet. Før jul tok Statsbygg imot dei endelege tilboda, som er vurdert på pris og kvalitet med kvalitet som det viktigaste kriteriet.
– Goppion skil seg særleg positivt ut når det kjem til montrane sin konstruksjon og forståing av oppgåva. Montrane dei kan vise til å ha laga tidlegare er både solide, haldbare, funksjonelle og estetiske, seier Gomnæs.
På prosjektsida kan du lese meir om det nye Vikingtidsmuseet.